LIDINGSTIMEN
I lidingstimen
flyt vi sakte opp frå botnane
og opnar våre andlet
som bleike liljer mot natta.
I lidingstimen
stig vi mot vår ytterste grense,
fylte av stor einsemd
og eit lys vi ikkje veit om.
I lidingstimen
går Gud langs sine mørke strender
og leitar oss opp,
ein etter ein,
i vår lysande smertestund.