Så lenge
Så lenge
det finst i oss
det som
verne det veike,
rette det nedbøygde,
stagge det stride
så lenge
alt i deg svarar
på rop ifrå dei
som lyt lide
så lenge
ditt varselrop
når fram i tide
så lenge
som nokon
tør trasse fåren.
Springe
og berge barnet.
så lenge
finst enno ei von.