Dikt av Jan Magnus Bruheim

DEN ANNSAME

Han har ikke stund til å stogge
og har ikke tid til å sjå.
Menneskene som han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han rekkje over
Det gjeld um å fara fort
Mykje var det å gjera
Det auka dess meir han fekk gjort

Så lid det til endes med dagen
Han står der, studd over stav
Og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
uten å få det fatt
Ei glede sprang etter vegen
men nådde han aldri att.

Dette innlegget ble publisert i Dikt og merket med , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..