Dikt av Oddmund Hagen

SALME FOR EIN NY DAG

Vinden vekker dagen
med ei kviskring gjennom huset,
med ein pust av lys mot auget
slik du kjenner når du frys
denne stille, klare timen
du står opp og veit som alltid
at du hører noko er der
lik ei kviskring alle tider
om at mørkret må bli lys.

Og du veit at noko er der
som eit bilde ingen kjenner,
er ein skugge midt i lyset
er ei aning dekt av slør
du kan gløtte bak og sanse
og tru at alt blir endra
i eit glimt av lys og nåde –
men verda er den gamle
og alltid slik som før.

Denne stille, klare stunda
med aning av ein skugge
ingen mann kan teikne
og ingen kan forstå,
står du opp og møter dagen
med ein frost igjennom kroppen
og med gleda du kan kjenne
når tanken rører krafta som aldri skal forgå.

Oddmund Hagen
Dette innlegget ble publisert i Dikt, Litteratur og merket med , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..