DU ER EI STRAND
I himmelen er det jazz og foreldre og leikehus
Men her: ein lengt etter å verta rusa på eit nå
Alt eg veit er samla i nokre harde knutar
som eg ikkje er kar om å løysa opp eller opna
Små knytte never av fortid og sorg og kjærleik
så tett, så hardt og så uløyseleg knytte saman
Eg trudde at applaus kunne hjelpa
Applaus er som regn og lått, som løk og leik
Kjem og går og ingen har ansvaret
Til slutt sit ein einsam att under
eit vedunderleg stjerneteppe
av himmel og mørker
og veit:
Eg er den skuldige
og er er utan skuld
Eit kyss i rett tid
og du er ei strand og ei æve og eit opna lys
Aschehoug «Lilje Vilje» 2020